Det har gått lang nok tid no? Kan vi snakke om det no?
Idag fekk eg ei melding på mobilen frå ein kompis, han lurte på om eg alltid var så utolmodig at eg ville starte fyrverkeriet dagen før festen. Han henvis til morgondagens Bakkanal, og til fyrverkeriet i London idag. Eg svarte, faen mann, har du aldri høyrd om vorspiel?
Men alvorleg talt, eg hadde ingenting med det å gjere. Eg verken deltok i planleggjinga, eller gav nokon som helst form for støtte. Der, no var det sagt. Eg er uskuldeg.
Men kven er skulden? Det er mange som peiker mot G8, dette vart gjort pga G8 møtet i Skottland, javel - truverdig. Andre meiner kanskje det at London har blitt tildelt OL har noko med saka å gjere, men denne vert avfeid... med eit stygt og granskande blikk mot franskmenna... kunne dei? Er dei ansvarleg? Sjølvsagt ikkje! Men kanskje OL har noko med saka å gjere? Tenk på det. Aksjonen råka t-banenettet først og framst. Eit openbart terrormål, javisst, men det er óg eit av dei største problemet i London. T-Banen treng drastisk ombygging, og dette er ein del av London sitt OL konsept. Betre t-bane skal byggjast ut. Dette er dyrt, og det vil vere tungvint å stenge av t-banen medan ein riv ned og bygger om. Nesten umogleg faktisk. Heldigvis kom desse bombane no og gjere halve arbeidet for dei. På dagen etter tildelinga av OL... tilfeldig?! Neppe! No er eg ikkje gal nok til å tru at Londons OL komite vil stå bak noko slikt, heller ikkje dei lokale myndighetane i London... nei, nei, sjølvsagt ikkje. Dette går heilt inn i til Downing Street 10 og regjeringas innterste kretser. Dette er eit komplott! Tenk gjennom det! Ikkje berre får dei rydda unna store deler av t-banenettet og byrja ein ombygging av det, dei får mesteparten tilbakebetalt på forsikringa. OL prosjektet tener faktisk penger på eksplosjoane takka vere innsparte byggjeutgifter (no dekka av forsikringa). Dette er den største forsikringssvindelen sidan Tsjernobyl!