Vaskemaskin

Kva er det med den fordømte vaskemaskina mi eigentleg? Den gjer jo konstant opprør, skulle tru det var den tredje verda eller noko. No har den slutta å sentrifugere, slutta å pumpe ut vatn faktisk. Så då eg kom ned igår, var vasken veldig våt. Først måtte eg opne pumpa og tømme den for vatn for i det heile tatt få opp den fordømte døra. Vasken var gjennomvåt, og det er den framleis, låg heile natta og høyrde på drypp-drypp-drypp frå tørkestativet. Herrejemini. Skulle sikkert ha kjøpt ny, eller bytta den, men no har eg 100 kroner på konto, og det er det eg har å leve av inntil penger byrjar å dale ned frå himmelen. Virker ikkje som om det vil kome på noko anna vis iallefall.

Det skal ikkje vere lett, nei, det er sant. Det siste halvåret har eg bygd opp eit sunt hatforhold til den fordømte vaskemaskina. Den er openbart eit hokjønn. Berre eit kvinnfolk kan slå seg så vrang, så ofte, så vilkårleg.

Eg får sette meg ned og vente på Ottars inkvisisjonspatrulje, dei er både kjappare og billegare enn reperatørar, og dei veit å svinge ein skiftenøkkel. Eller tar eg feil no? Dei er nok iallefall på veg no.

<em>elektronika</em> sitt bilete

rens filteret

Har du forsøkt å rense filteret? Hvis det er fullt av dritt(og ikke minst bh-spiler, men det er kanskje ikke ditt problem?) hender det at maskinen ikke klarer å pumpe ut vannet.

---

"They failed because of their lack of ability to succeed"
gammelt jungelordtak


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Hm

God ide,
vi har BH'er her på huset og. Vi er litt sånn rare. Og så deler eg hus med ei prestedotter, men hennar BH'er passer ikkje meg forsåvidt. Hm... eg lurer på om exen la att nokon, dei passa betre...


<em>Gird_09</em> sitt bilete

filter ja

Det er veldig viktig å rense filteret minst to ganger i året. Det står det i vaskemaskinhåndboken. Men den jævla maskinen har ikke noe filter som jeg kan finne. Vi har uansett hatt den i tre år og den har ikke skapt noen problemer eller vond lukt foreløbig. Bråker gjør den også. Liker den godt. Kanskje den har en transporter i filteret, som beamer dritten til venus?

Sa jeg at du kunne snakke?


Visningsval for kommentarar

Velje korleis du vil at kommentarar skal visast, og klikk 'Lagre innstillinger' for å aktivere endringane.