Frontkjempar Torbjørn Egner?

Det er ofte tilfeldigheter som fører til dei store gjennombrota her i verda, og det eg no skal avsløre er ikkje noko unntak. I disse tider då ein gjerne diskuterar norske frontkjemparar si rolle i folkemorda i aust, er det urovekkande, for ikkje å seie traumatisk å oppdage at folkekjære barnebokforfattar og tusenkunstnar Torbjørn Egner vert knytta til desse frontkjemparane. Anklaga ikkje av historikarar, motstandsrørsla eller andre, men av sin eigen musikk.

Torbjørn Egner er kjendt for sine mange glade barnesonger, bøker og skodespel, og i tillegg var han og teiknar, grafikar og scenograf. Han var involvert i alle sider av produksjonen av verka hans, enten dette no var bøker, teaterstykke eller song. Og eit viktig mål var at det han laga skulle vere tilgjengeleg for alle; det skulle difor ikkje berre vere lett og underhaldande innhald, men det skulle vere rimeleg i pris og godt distribuert. Denne innstillinga, kopla med sjarmerande, oppbyggjadne og simpelthen familievennlege tekster har gjort han til ein eigen folkeskatt i Noreg. Hans verk er sjølvsagt og eksportert til utlandet der det har vorte godt mottatt.

Det vil difor vere vanskeleg å svelge, at eg ved ein tilfeldighet oppdaga at det er sterke band mellom Torbjørn Egner og norske frontkjemparar i SS Regiment Nordland. Det er sjokkerande, eg veit. Hardt å svelge, javisst. Men det finnes ingen forklaring. Det er uhyre stor likskap på melodien til Kaptein Sorte Bill og Budstikka Gikk sunget av dei staute blonde frontkjemparane i SS Regiment Nordland. Faktisk så slåande er likskapen i melodien at då den vart spelt i bakgrunnen her heime hos meg forleden dag, brast dei andre i rommet ut i ein heidundranes Heifadderi-og-fadderullandei under refrenget. Ved nærare undersøking av melodien forstod vi at det hadde oppstått ei misforståing av fatale dimensjoner, og at melodien som vart spelt ikkje var Kaptein Sorte Bill, men faktisk ein gamal nazistisk kampmarsj.

Trur du meg ikkje?
Last ned og høyr Budstikka Gikk sjølv.

Dette aktualiserar viktige spørsmål om Torbjørn Egner; Kva er hans forbinding til SS Regiment Nordland? Var han kanskje medlem, under eit anna namn? Kanskje Torbjørn Egner er ein falsk identitet han fekk seg etter krigsforbrytelser under krigen? Eller var han berre ein god venn av Frontkjemparane og song bruddstykker av planlagte viser for dei? Kanskje Frontkjemparane alle var Torbjørn Egner fans, kanskje Torbjørn Egner appellerar til norske nazistar? Eller enno meir skremmande, var dei norske frontkjemparane i SS Regiment Nordland Korps og visesong trupp faktisk eit Torbjørn Egner coverband? Medminde ein vel å gå vår krigshistorie nærare i ettersyn, så er eg redd ein aldri vil finne svaret. Det trengst modige historikarar til for å gå ein så kjær folkehelt nærare etter i sømmane, sjeldant modige faktisk. Eg trur ingen vil nokon gong gripe fatt i denne oppdaginga seriøst - noko som berre avslørar kor korrupt den politisk korrekte historieforskinga er, og truleg styrt av jødiske tilhengjarar av Torbjørn Egner som vil skjule sanninga for ein kvar pris.

Var det medikasjonstid sa du?

<em>Gird_09</em> sitt bilete

hallo

Det ville ikke være første gang vi finner fellestrekke mellom arbeiderpartisympere og nazier. Fra nå av skal jeg konsekvent tolke kardemommeby som en rasefantasi om et lite arisk samfunn i marokko hvor selv røverne tolereres fordi de er rene ariere... Andre derimot. Jeg mener, det er tross alt ikke mye kontakt den byen har med afrikanerne.. Politimester Bastian er dog sikkert den mest koselige gestapisten i litteraturhistorien..

Og er egentlig karius og baktus jødebolsjeviker?

Salus Populi Est Suprema Lex!


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Kardemommeby

Om vi tenkjer gjennom det så har vi jo fleire modeller på Kardemommeby idag. I Sør Afrika og deler av USA har gjerne rike bleikfiser låst seg inne i sine eigne nabolag, med gjerder eller murer rundt og privat politi som garanterar tryggleiken. Reise inn og ut er kontrollert av den same private politistyrka.

Vi har òg visse byer som er oppretta rundtomkring, særleg i USA, som er forsvart av væpna militiamenn der kvite folk kan leve på europeisk vis på indianers jord.

Og dei følgjer gjerne kardemommelovane på desse ulike stadane, så lenge ein slepp å ha noko med utanforståande å gjere. Så eg trur absolutt vi er inne på noko her med Torbjørn Egner.

Karius og Baktus opptrer faktisk som jødebolsjevikar som river laus på grunnmuren i samfunnet vårt (tannhygiene) og gjer sitt beste for å bryte ned sunn lov og orden (ikkje gjer som mora di seier). Dei oppfordrar born til revolter og strid, medan dei korrumperar og endevender europeisk tradisjon og kultur.

Men kvifor gjekk det då som det gjorde med dei? Tenkte Egner på dei som levande martyrar for den zionismen? Er det eit underliggjande bodskap om at 'the south will rise again' i dette? Tannråta vil du aldri bekjempe?

Eg undrast.


<em>Gird_09</em> sitt bilete

karius og baktus

Karius og baktus har nok et slags dobbeltbudskap. På slutten blir de bekjempet, men alle barn i verden får sympati for dem. Jeg aner en ironisering over jødenes skjebne under krigen her. Folk som Egner åpenbart næret sympati for gjorde sitt beste for å nedkjempe den terroren karius og baktus åndsbrødre representerte, men det var ikke SS som fikk sympati og forståelse. Neida, det var de sionistiske, jødebolsjevikene av noen frimurer-kapitalister..

Jeg tror Egner var både oppgitt og frustrert da han skrev dette verket. Jeg ante virkelig ikke at vi hadde en kodeskaper av DaVincis kaliber her i landet. Jeg er imponert. Nå som virkeligheten min har fått seg en støkk antar jeg at står forran et sanity loss på 1/1d6... Jeg lurer bare på når det synker inn....

Salus Populi Est Suprema Lex!


Visningsval for kommentarar

Velje korleis du vil at kommentarar skal visast, og klikk 'Lagre innstillinger' for å aktivere endringane.