Absalong - Wisconsin Death Trip
0 kjem; 0 anbefaler; 0 kjem kanskje
CC 50 (25 for medlemmer av Bergen Filmklubb)
Eit nytt år for Bergens gotiske salong og vi byrjer våren i det morbide hjørnet med dokumentarfilmen Wisconsin Death Trip av James Marsh. Wisconsin Death Trip er ein melankolsk filmatisering av eit ofte oversett Amerika, det rurale midtvesten på slutten av 1800-talet, og dette er både forstyrrande og morosamt. Filmen skildrar ei rekkje skjebner og hendinger i ein tiårsperiode i Black River Falls, befolka i stor grad av nyankomne skandinavar og tyskarar, og det er ikkje måte på kor mykje rart som kan skje i eit lite bygdesamfunn truga av økonomisk depresjon, epidemiar og harde vintrar.Vi møter her kjærleiksdrama blant dei unge og eldre, drap og sjølvmord, sinnsjuke nordmenn og falne operastjerner frå Europa. Og ikkje minst, ei kokainavhengig lærarinne som reiser gjennom heile Wisconsin og knuser ruter, utan å forstå heilt kvifor ho gjer det.
Wisconsin Death Trip er basert på boka med same namn av Michael Lesy som først utkom i 1973. Boka baserar seg på fotografi av den lokale fotografen Charles van Schaick akkompagnert av utdrag frå lokalavisa og arkiva til det lokale dårehuset. Filmen dramatiserar dette skildremateriale, og det er den britiske skodespelaren Ian Holm som gjev stemme til redaktøren av Badger State Banner. og som gjev hendingane ei kaldt og distansert ramme. Mange har samanlikna filmen med tekstane til den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe eller maleriet American Gothic av Grant Wood. Wisconsin Death Trip er ein godbit for alle som er interessert i film, fotografi eller historie - eller som simpelthen liker dei gotiske sidene ved menneskets eksistens.
Filmen vil verte presentert etter ein kort presentasjon av bakgrunnen, i tillegg vil Absalong sine faste DJar snurre skiver frå både her og der. Sidan det er 1 års jubileum for vår lille salong vil vi gjerne feire dette på godt vis. Vi har difor ei lita overrasking på lur til våre gjester denne gongen som vi tenkjer vil markere fjorårets foredrag på skikkeleg vis. Visinga av Wisconsin Death Trip skjer i samarbeid med våre venner i Bergen Filmklubb, og er den første av våre felles arrangement, vi rekner difor med at det kjem godt med folk, og det er lurt å kome så tidleg som mogleg for å tryggje plassar. Det heile foregår på Klar Bar som vanleg, i andre etasje på Zachen, og vi opner dørene klokka 1900 og vil gje folk god tid til å slå seg ned før vi sparkar igang med introduksjon og overraskinger.
Moroa koster kroner 50, eller kroner 25 dersom du kan vise gyldig medlemsskap i Bergen Filmklubb. Det er opent for gamle og nye gjester av alle slag, så lenge dei er av myndig aldar. Vi ser fram til å sjå deg der!
Vel møtt!


Åh fillern!
Denne kunne jeg tenke meg å se, men så er det i Bergen! Snufs.
Født i og bodd endel år i Wisconsin, så jeg har unektelig et spesielt forhold til den staten. :)
---------------------------------------------
* I have counted to infinity. Twice *
Søt
Den er vidunderleg søt. Du går glipp av ein godbit.