Absalong: Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy

29/09/2007 17:30
29/09/2007 19:30
description:

I fantasiens skuggedal
Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy

Stad: Regncon XV - Rothaugen Skole
Tid: Laurdag 29. september, klokka 1730.
CC: NOK 30

Science fiction og fantasy-litteratur selgjer som aldri før, og den eine
storfilmen etter den andre basert på klassiske verk innanfor dei
fantastiske og spekulative sjangrane dominerar kinolerretet i disse dagar.
Det er allikevel ikkje mange som stiller spørsmål ved dei politiske
prosjekta som desse mange klassikarane gjerne er eit uttrykk for, sidan
dei fleste oppfattar det berre som harmlaus verklighetsflukt. Allikevel er
fleire av dei mest kjendte og kjære verka innanfor science fiction og
fantasy politiske plattformar for forfattarar på ytterste venstre og høgre
fløy, og desse forfattarane har gjerne idear og forestillingar som vil
overraske deira lesarar.

Absalong sin eigen Kristian A. Bjørkelo vil ta publikum med på ei reise
inn i denne verda, og trekkje fram nokre av dei mest kjendte og ekstreme
av disse forfattarane og deira verk. Med sleivspark til venstre, høgre og
dei i midten vil han ta publikum frå dei tidlege fantasy-forfattarane, før
Tolkien løfta pennen, til dei allar siste science fiction-storfilmane, og
vise samanhenger og motsetningsforhold med hovudvekt på nokre av dei mest
absurde og skumle resultata det har hatt. Stikkord er rasisme, fri
kjærleik, kvinnehat, anarki og klassekamp. Og det er godt mogleg det er
din favorittforfattar som viser seg å ha skjulte sider.

Forutan å vere ein av hovudpersonane bak Absalong, er Kristian A. Bjørkelo
rollespelforfattar og frilansskribent, og skriv flittig om politikk,
science fiction, skrekk og fantasy. Bjørkelo er utdanna folklorist, og har
jobba i mange år med ulike former for populærkultur, og han har skreve
hovudoppgåve om vårt forhald til nynazisme. Han har óg fleire år bak seg
som aktiv i radikal politikk, og forkjempar for tankefridom.

Dette foredraget kjem i samarbeid med spelforeininga Regncon og
spelfestivalen Regncon XV, som ein av dei viktigste samlingsarenaene for
spelentusiastar og lesarar av fantasy og science fiction. Difor fallar
dette arrangementet til ein laurdags ettermiddag, og det vil ikkje vere
alkoholservering eller aldersgrense på arrangementet. Foredraget er gratis
for alle som viser gyldig deltakarbevis for spelfestivalen, og koster
berre kroner 30 for dei som berre ønskjer å få med seg foredraget.
Festivalen finn stad på Rothaugen skule 28. - 30. september, og Absalong
opner dørene til sitt foredragslokal klokka 1730.

For meir informasjon og opplysingar om korleis finne fram, gå til våre
heimesider på absalong.no og til spelforeningas eigne sider regncon.no,
der det er mogleg å melde seg på årets happening for spelentusiastar på
vestlandet.

Vel møtt!

Nyttige lenker:

Absalong (www.absalong.no)
Regncon (www.regncon.no)


Stad:
Rothaugen skole
<em>Gird_09</em> sitt bilete

gud og jesus

Mitt favoritttema!!! Min store kjepphest!
ARGH!!!
Sabelmannen, du må pelle den trange rumpen din til Oslo med samme tema!

___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.


<em>Tollef</em> sitt bilete

Kjellern?

Kjellern?


<em>Gird_09</em> sitt bilete

NEMMELIG!

Så det så!
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.


<em>Nikko</em> sitt bilete

Du burde jo få med Børge (Eks-Dominion)

Såvidt jeg husker, skrev ham om noe lignende på engelsk hovedfag. :-)
---
Even a stopped clock shows the right time twice a day.


<em>Tollef</em> sitt bilete

Noe lignende, men begrenset

Noe lignende, men begrenset til rase og Tolkien. Kul oppgave. Leste korrektur på den.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Super oppgåve

Børge si oppgåve er veldig interessant. Har den liggjande her på jobb til å bla i. Vi har lagt press på Børge tidlegare i år for å få han på Absalong ;-)


<em>batcheeba</em> sitt bilete

Veldig bra om du kommer med

Veldig bra om du kommer med dette til Oslo, Kristian!
Det hadde gledet oss stort!

-One must still have chaos in oneself to be able to give birth to a dancing star.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Oslo

Foredraget hadde faktisk sin debut i Oslo i fjor somar, så eg veit ikkje om syndens bygd har gjort seg fortent til to omganger ;-)


<em>Gird_09</em> sitt bilete

hva???

Hvorfor visste jeg ikke det?
Har du et manus jeg kan se på i det minste?
*smisker*
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Manus ;-)

Om eg byrjar å dele ut manusa mine,
så er det jo ingen som vil ta seg bryderiet å høyre på meg når eg bablar.

Og kvifor du ikkje høyrde om det? Du er ikkje så ultranerd at du følgjer med på kva som skjer på Shadowcon? ;-)


<em>Gird_09</em> sitt bilete

nononono

Cons er litt for stigmatiserende for meg altså.
Da får jeg heller bare ignorere deg og late som du ikke eksisterer da. *furter*
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Stigma?

Stigma? Smegma seier eg!

Kva du trur det er for meg? Eg må snakke til eit conpublikum ;-)

Neida, nerder er så søte så. Og kven veit? Kanskje eg berre gjer det om til ein artikkel eller to, eller evt tar turen til Oslo att ein gong.


<em>Gird_09</em> sitt bilete

vulcanører

Med store falske vulcanører hører de sikkert ekstra godt etter ihvertfall. :D

Oh smeg!
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Brunskjorter

Eg har ofte lurt på om det berre er eg som finn ideen med brunskjorter i kombinasjoner med vulcanøyrer forlokkande =P


<em>batcheeba</em> sitt bilete

HAaha!!

Du,min gode mann,er bare så totalt priceless!!!
*faller ut av sengen*
:D

-One must still have chaos in oneself to be able to give birth to a dancing star.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Å skulde på?

Eg skulle gjerne ha skulda på homeschooling eller steinerskulen... men akk nei. Er berre foreldra mine å skulde på.

Men for å få det inn på tema att;
Plakat ligg no på absalong.no, direkte lenke her.


<em>batcheeba</em> sitt bilete

Hvem laget plakaten? Svært

Hvem laget plakaten?
Svært pen.

-One must still have chaos in oneself to be able to give birth to a dancing star.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Kim Holm

Illustrasjonen er av unge (lovande) herr Holm, som er snill å gjer litt strøjobber for oss. Sjølve utforminga av plakaten etter illustrasjonen var på plass er gjort internt i Absalong.

Kim Holm sitt arbeid dukkar tidvis opp i teikneserier her og der, mellom anna Nemi.


<em>batcheeba</em> sitt bilete

Åh han! Du må overbringe

Åh han!
Du må overbringe ros til han.

-One must still have chaos in oneself to be able to give birth to a dancing star.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Sjølvsagt

Skal eg sjølvsagt gjere.
Eg rekner meg sjølv og Absalong heldige som har han som venn. Det var óg han som haldt den herlege innleiinga til Lovecraftfilmkvelden vår no i august. Og laga Varulvplakaten vår i februar.

Vi reknar med han har ein fin vampyr på lagar til oss i november óg ;-)


<em>Nikko</em> sitt bilete

Ja, fin parallell der..

...til bildet av Rosa Parks. Hils Kim fra meg også! :-)
---
Even a stopped clock shows the right time twice a day.


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Aye

Det var det han prøvde på óg :-)

Skal helse han når eg ser han.


Visningsval for kommentarar

Velje korleis du vil at kommentarar skal visast, og klikk 'Lagre innstillinger' for å aktivere endringane.