Absalong: Call of Cthulhu & Chilean Gothic

28/08/2007 19:00

Stad: Klar Bar på Zachen
Tid: Tysdag 28. august, klokka 1900.
CC: NOK 50

Stjernane står rett, og dei eldre gudane vender attende... på Absalong.

Absalong inviterar til ein skrekkeleg filmkveld dedikert til H.P. Lovecraft, den moderne skrekkens gudfar. Howard Phillips Lovecraft er ein av det 20. århundrets mest undervurderte forfattarar, og han har over tid gått frå å vere ukjendt i si eiga levetid til eit av populærkulturens store ikon. Han har inspirert forfattarar som Stephen King og Neil Gaiman, samt populære band som Metallica. Hans skapninger dukkar gjerne opp i teikneseriestriper som norske M. I seinare år har hans forfattarskap óg vorte tatt meir seriøst av litteraturkritikarar og filosofar, og mange vil hevde at han endeleg får den respekten han fortener. Verda Lovecraft skildra i sine noveller var ei mørk og menneskefiendtleg verd styrt av krefter vi er ute av stand til å forstå. I hans verd, den såkalla Cthulhu Mythosen, er menneske som maur i forhold til dei mektige kjempane som bebur resten av universet og som tidvis vitjar vår planet, eller tilogmed bur her. Desse kjempane er dei eldre guddomane og assorterte vesen, med namn som er umoglege å uttale med menneskelege tunger, og like umoglege å forestille seg. Å lefle med desse kreftene eller vere vitne til deira umenneskelighet er å invitere til eit mentalt samanbrot, eller tilogmed døden i hendene på krefter ein ikkje forstår. Dette er skrekken i sin reinaste form - det ukjendte og det uforståelege.

Lovecraft gjer seg gjerne best på papiret, med ubeskrivelege vesen som har namn som er umoglege å uttale, samt lange kjeder av gamaldagse adjektiv, allikevel finnes det nok av forsøk på filmatiseringar. Og nokre av desse forsøka er verkeleg gode. Call of Cthulhu er noko så originalt som ein svart-kvitt stumfilm produsert frå 2005, frå entusiastane i the HP Lovecraft Historical Society, og filmen meistrar stemning og forteljing meistarleg, med ein salig blanding humor og klassisk skrekk. Filmen er av mange rekna som den beste av alle Lovecraft-filmatiseringar til dags dato, og er absolutt ei perle som er verdt å få med seg. Vi venter óg å få Chilean Gothic over Atlantaren, ei chilensk tolking av ein av dei meir filmatiserte av Lovecraft sine forteljingar - Pickman's Model. Ein grusom og mørk soge av beste sort, og denne ferske filmatiseringa har fått mykje skryt blant filmentusiastar på ulike festivalar, mellom anna for å vere ein original, men god attskaping av Lovecraft sin visjon. Ein har med andre ord god grunn til å sette av kvelden.

Introduksjonen til denne filmkvelden vert haldt av den lokale prisvinnande teikneserieforfattaren Kim Holm, kjendt frå Nemi og hans eiget album Dette er et ran. Kim Holm er ein ihuga Lovecraftkjenner, og etter alt å døme ein tener av dei eldre gudane, som gjerne nyttar seg av Lovecraft i sine stripar. For høvet vil han bruke tunga, og ikkje pennen, til å fortelje om Lovecraft sitt livssyn og filosofi, med sterk vekt på hans misantropi. I tillegg vil klubbens eigne DJar snurre litt passande musikk i pausane, og baren har sjølvsagt mykje god drikke å by på. Så ver velkomen til ein filmkveld utanom det vanlege hos Absalong, den 28. august. Det koster 50 kroner å kome inn, og dørene opner klokka 19.00 på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Kom tidleg, for vi har eit fullt program til dykk.

For meir informasjon, følg med på absalong.no

That is not dead which can eternal lie.
And with strange aeons even death may die.

Vel møtt

<em>Nikko</em> sitt bilete

Der skulle jeg ha vøri!

Dette var noe midt i min gate, i tillegg til at det hadde vært en glimrende anledning til å hilse påp Kristian og Kim igjen! Ja, ja, en annen gang, kanskje. :-(
---
Even a stopped clock shows the right time twice a day.


høres ut som en knallbra

høres ut som en knallbra kveld! jeg kommer i alle fall !


<em>Sabeltann</em> sitt bilete

Pffft

Her er det snakk om prioriteringar. Snik deg vekk frå ansvar og kom deg til Bergen den kvelden! Vert moto. Garantert!


<em>Nikko</em> sitt bilete

*knise*

Vik fra meg, onde fristerinne!
---
Even a stopped clock shows the right time twice a day.


<em>Bassington-Bassington</em> sitt bilete

Ja, lykke til på seg i

Ja, lykke til på seg i kveld!

------------------

While the Rose blows along the River Brink,
With old Khayyam and ruby vintage drink:
And when the Angel with his darker Draught
Draws up to Thee – take that, and do not shrink.

(Omar Khayyam)


Visningsval for kommentarar

Velje korleis du vil at kommentarar skal visast, og klikk 'Lagre innstillinger' for å aktivere endringane.