Vil du vere med Rammsund på turné i april?

Rammsund skal turnere Vestlandet frå den 11. til den 27. april i år. Mogleg me reiser frå oslo den 10.

Me er på utkikk etter to staute folk som kan vere med, og bere utstyret vårt mellom bussen og scena på dei ulike konsertstadane. Det er ikkje spesielt mykje eller tungt, men det er fint for oss å sleppe å gjere det sjølv føre og etter ein konsert. Spesielt etter! ;-)

Det me kan tilby, er eit måltid om dagen, plass i bussen med soveplass, sjølvsagt innpass på alle konsertar, og ein skriftleg attest på at du har vori ein heidundrandes dyktig "roadie".

DU MÅ VERE FYLT 18 ÅR, og du må komme deg mellom din eigen heimstad og Oslo sjølv.

Send en mail til mail@rammsund.com.