Rammsund held intim julefest
0 kjem; 0 anbefaler; 0 kjem kanskje

Rammsund inviterer til førejulfest! Dette vert det einaste Oslo-arrangementet vårt fram til august neste år, så gå ikkje glipp av det!
Ein intim sammenkomst for 100 av våre venar og tilhengarar. Åstaden er baren i tilknytting til det som ein gong var øvingslokalet vårt, i Storgata 9 i Oslo. Prisen er ein hundrings kvar.
Festen vil vare heile kvelden, og det vil sjølvsagt verte ein intim konsert med Rammsund i laupet av kveldinga. Scena er liten, men ljoden er ypperleg!
Alle mottar ein eksklusiv Rammsund-gåve ved inngongen.
Øl er billig, billig! Av di lokalet er privat, er arrangementet av lukka type. Du vil ikkje finne denne eventen på billettservice eller liknande. Skjenkjeløyva vår gjeld nemleg ikkje for offentlege arrangement.
På grunn av alkohol er aldersgrensa 18 år.
For å kunne kome på fest, send ein epost til mail@rammsund.com. Dei fyrste 100 som sender epost, settest på gjesteliste.
Du kan enten ta med 100 kroner i døra, eller for å vere heilt sikker på å kome inn (det kan fort verte fullt!), sett inn pengar på denne kontoen:
7014.10.82262 (Ali Reza Ahmadi)
Melding på overføring: Rammsund-fest
Send e-post når dette er gjort.
Om du overførar frå ein annan konto enn din eigen, må du hugse å setje namnet ditt i meldingboksen saman med overføringa. Då er du garantert å kome inn!
Dei 100 fyrste mottar óg ein invitasjon på epost. Denne skrivest ut, signerest og vert teke med på festen. Ha gjerne óg med utskrift for betalt sum frå nettbank, evt. kvittering frå betjent bank, i fall det er kluss med gjestelista.


Nye kommentarar
4 veker 10 timar ago
1 år 31 veker ago
1 år 31 veker ago
6 år 24 veker ago
6 år 26 veker ago
6 år 31 veker ago
7 år 12 veker ago
7 år 15 veker ago
7 år 25 veker ago
7 år 34 veker ago