Helvetes historie - Om kva ein arkeolog finn om han grev for langt

22/04/2008 19:00
22/04/2008 23:59
Sted: 
Klar Bar, Zachen Piano Club (Bergen)

Eit foredrag ved Terje Østigård

22. april 2008, 19.00
Klar Bar, Zachen
CC: 50

Arkeolog Terje Østigård har grave litt for djupt, og vitjar Absalong for å fortelje oss kva han har funne. Det er helvete som står på programmet, frå dei tidlegaste tekstene til dagens religiøse disputtar. Absalong held fram med si eiga utgraving av kulturens mørkeside og vender for første gong blikket mot det hinsidige, og spør: Kva venter eigentleg syndaren i dødsriket? Svara er visst mangfoldige og fargerike, så det skulle berre mangle at vi skal kose oss denne kvelden.

Helvete er gjerne ei samlebenemning på dei meir utrivlege dødsrika i ulike filosofiar og religionar ein kan hamne i om ein ikkje er heilt dydig eller ein smule uheldig. Deira form og formål varierar sjølvsagt frå religion til religion, og over tid vil eit helvete gjerne endre seg i takt med moter og politisk klima. Slik er det mellom anna med det kristne helvetet, som til stadig er oppe til revisjon av kyrkjelege instansar. Helvete er oftast skildra som eit eit fantasifullt torturkammer omgitt av eit flammehav der syndarar får si straff for brotet mot Guds bodord. Dette helvetet har vore til inspirasjon for teologar og kunstnarar som ønskte å forklare allmuen viktigheta i å følgje kyrkjas regler, for å unngå fortapinga som venta i dødsriket. Den nøyaktige formen dette torturkammeret har tatt har sjølvsagt variert med det politiske og filosofiske klimaet. Mest kjend er kanskje Dantes Inferno, ei reiseskildring frå dette nederste dødsriket der hans politiske fiendar og andre utrivelege typer får si rettmessige og skreddersydde straff i det byråkratisk inndelte helvetet. Og sjølv om det mellomalderske biletet av dødsriket lever i beste velgåande idag, er det vanskeleg for kyrkje å forsvare det som offisiell teologi. Vatikanet hevder at fortapinga er fråveret av Gud i menneskets liv, og at dette er ei pinsle i seg sjølv, den norske kyrkje har på den andre side vore veldig stille angåande temaet dei siste åra. No har debatten starta på ny.

Ein av dei aktive debattantane i denne runda er arkeologen Terje Østigård, som har grave ut store deler av dødsriket i si bok "An Archaeology of Hell: Fire, Water and Sin in Christianity", og som har publisert ei lita hyllemeter om døden og dødsriket. Østigård er idag ansatt ved UNIFOB-Global ved Universitetet i Bergen, der han til dagleg syslar med problemstillinger rundt Nilen og Egyptisk sivilisasjon. Han er godt kjendt for sitt arbeid med dødsriker. Vi er veldig glade for at han vitjar oss ved dette høvet, og vi ser fram til ein fabelaktig kveld.

I tillegg til eit underhaldande foredrag vil Absalong sine DJar by på bisarr musikk, både frå og om helvete, og baren inneheld mykje godt å drikke som alltid. Det heile finn stad tysdag 22. april, klokka 1900 på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Du bør helst vere av myndig aldar, og det koster deg skarve 50 kroner å kome inn. Om du tar snarvegen over elva Styx, minner vi om at fergjeførar Charon gjerne har eigne prisar.

Ta med deg venner og kjære, levende og avøde, rettferdige og syndarar. Vel møtt!