Rammsund til Bergen (IKKE Hulen!)

17/04/2008 23:00
18/04/2008 00:00
Sted: 
Bergen, Garage

Rammsund rockar opp Garage i Bergen for første gong. Om du ikkje har sett Rammsund tidlegare, gå ikkje glipp av dei no!

Konsertomtale frå Studenthuset Driv i Tromsø:

Dei har gjort heimeleksa si. Omsetjingane er laga ved hjelp av Språkrådet. "Mein herz brennt" blir til "Hjartet mitt brenn", "Mein Teil" til "Lemmen min" og "Mutter" til "Mutter'n". Innimellom songane snakkar dei konservativt nynorsk, med nokre innslag av tullenynorsk. "Korleis gjeng det i dag?", ropar vokalist og frontfigur Gråbein ut til publikum.

Gråbein er både høgt og lågt. Han klatrar opp veggen til andre etasjen, og han får publikum med seg på refrenga. Responsen er god, både på songane og det han seier i pausane. Eg tek meg sjølv i å le av tekstane, som ber godt fram mellom dei tunge metallriffa. Det er absurd når han syng: "For du er kva du et, og du veit kva det er, det er min lem – nei".

www.rammsund.com
www.garage.no