Absalong - Den store samansverginga
0 will attend; 0 recommends; 0 might attend
I 1776 grunnla Adam Weishaupt ordenen av Bayerske Opplyste - Illuminati. Deira mål var radikale omveltingar av dåtidas samfunn gjennom infiltrering av frimurarlosjer, for gjennom dei å spre sine opplysingsideal. Den lille løyndomsfulle organisasjonen vart erklært ulovleg etter nokre få år, og Illuminati forsvann med dette frå den offisielle historia. Det var allereie då dei menneske som meinte at Illuminati levde vidare i maktas korridorar, og manipulerte det politiske spelet til sin fordel og i tråd med ein skummel plan. Desse teoriane lev i beste velgåande den dag i dag, og i professor Øystein Sørensen si nyaste bok "Den Store Sammensvergelsen" følgjer forfattaren desse teoriane i sine ulike utgåver frå den franske revolusjon til globalisering og den nye verdsordning. Forfattaren gjester førstkomande Absalong og vil underhalde publikum med den sanne og ikkje fullt så sanne historia til dei Bayerske Illuminati.
Les mer på absalong.no
Klar Bar, Zachen (Bergen)


Recent comments
1 week 1 day ago
1 year 28 weeks ago
1 year 28 weeks ago
6 years 22 weeks ago
6 years 24 weeks ago
6 years 28 weeks ago
7 years 9 weeks ago
7 years 12 weeks ago
7 years 22 weeks ago
7 years 31 weeks ago