Fantasifestivalen 2007
0 will attend; 0 recommends; 0 might attend
Fantasifestivalen brakar laus på Landa utanfor Stavangar i midten av juli, og kan by på godsaker for store og små.
På dagtid er det aktivitetar som bueskyting, smie, mjødbryggjing og kunstutstillinger som står på programmet, medan kvelden er via til festleg lag og gode konserter. I år, som ifjor, har festivalen dratt inn eit knippe alternative musikarar frå inn- og utland, både kjendte og ukjendte.
Nokre namn som kan nemnast er;
Duo Noir (Tony Wakeford og Renee Rosen frå Sol Invictus)
Yantra
Binärpilot
Sirenia
Helene Bøksle
Safran
Zywiolak
Og fleire. Sjekk ut informasjon om bandene og andre aktivitetar på fantasifestivalen.no. Det kan óg nemnast at Kjettersk Kjeller stiller for å lage litt moro for festivaldeltakarane. Det vert arrangert festivalbuss til og frå Oslo, og festivalen kan óg tilby billige togbillettar om det er av interesse, det er berre å ta kontakt angåande det.
Festivalen er ein av dei rimelegaste som finn stad i somar, og den er definitivt den som byr på mest underhaldning utanom det vanlege. Ein fin alternativ somar, for barn og vaksne.
Spring til fantasifestivalen.no og finn ut meir.


Recent comments
1 year 21 weeks ago
13 years 41 weeks ago
15 years 42 weeks ago
15 years 42 weeks ago
16 years 14 weeks ago
16 years 14 weeks ago
16 years 21 weeks ago
16 years 21 weeks ago
16 years 24 weeks ago
16 years 24 weeks ago