Fantasifestival på Bronseplassen

25/08/2006 18:00
27/08/2006 20:00
description:

I år inviterast det til Fantasifestival på Bronseplassen, mellom Kristiansand og Lillesand. Ideen bak festivalen er å samle folk frå ulike miljø med interesse for det "fantastiske" og stemningsfulle. Forutan eit solid konsertprogram som vil fenge mange av brukarane på synth.no byr festivalen på ein rekkje aktivitetar og sjåverdigheter - alt i ein herleg sørlandsk viking-setting.

På dagtid er det utstillingar og debatter i fokus, og høve til å trekkje seg unna til eit flott langhus. Blant dei som vil bidra til dette programmet er Mads Eriksen og Astrid Hansen, samt den populære fantasy illustratøren Henning Ludvigsen. I tillegg vert det både bueskyting, øksekasting og mjødbryggjing.

Konsertprogrammet er fullspekka og går over to kvelder. Den første kvelden er det ein lett blanding av band som: Knoxbee, Storm Weather Shanty Choir, Funin og Syrach.

På fredagen tar festivalen av med neofolk, og etter ein oppvarming med den elektroniske musikken vil det følgje på med Gyron V, Solblot, Die Weisse Rose og Of the Wand and the Moon.

Festivalen vil gå føre seg frå fredag 25. august til søndag 27. august, og koster så lite som 180,- inkludert billettavgift og teltplass om nødvendig. Det er óg billege husvære tilgjengeleg.

Meir informasjon om festivalen finn de på www.fantasifestivalen.no

Kva venter de på? Spring på! Heng på!

Stad:
Bronseplassen