Absalong: Med blod på tann
0 kjem; 0 anbefaler; 0 kjem kanskje
Vampyrens historie fortald baklengs
Eit foredrag ved vampyrolog Arnfinn Pettersen
13. november 2007, 19.00
Klar Bar, Zachen
CC: 50
http://absalong.no/
Den elegante og blodtørstige vampyren har forført uskuldege jomfruer og eit fanga publikum i mange år, og vår fascinasjon for vampyren verkar minst like udødleg som vampyren sjølv. Men sjølv om vampyren er udødleg er han ikkje uforanderleg. Så kven er den verkelege vampyren? Er det Grev Dracula, den forføreriske aristokraten? Er det den blodtørstige tyrannen, Vlad Tepes? Eit vandrande lik? Eller ein metroseksuell gentleman med ei forskrudd døgnrytme? Absalong lar Arnfinn Pettersen vise nokre av dei ulike sidene ved vampyren den 13. november, då han vil freiste å fortelje vampyrens historie baklengs.
Folkloristen Arnfinn Pettersen er forfattaren av boka "Vampyr! Blodsugende lik i tradisjon og litteratur", og er Noregs framste vampyrolog - dvs. akademisk ekspert på vampyrer, deira natur, verke og historie. Han er difor godt egna til å kunne fortelje om vampyren slik vi finn han i populærlitteraturen, skrekkfilmen og i gamle segn, og trekkje dei historiske linjene mellom desse attende til dei originale vampyrane i aust-europeisk folketru. I løpet av foredraget kan du forvente å høyre om kjendte og ukjendte vampyrfilmar, vampyrlitterasjonens irrganger og, ikkje minst, historier om meir eller mindre vellukka vampyrjakter gjennom tidene.
Det komande arrangementet er anbefalt for alle som har eit snev av interesse for denne mest gotiske og sagnomsuste av alle skrekkfigurar, enten det no er filmfigurer, litterære skikkelser eller gamle segn som fascinerar mest. Pettersen er den i Noreg som er best utrusta til å jakte ned og bekjempe eventuelle vampyrar, så vi forventar at kvelden vil gå trygt for seg utan dei store problema med løpske og obstanasige vandøde. I alle fall om han hugser å ta med sitt etterkvart velkjendte "verktøysskrin".
I tillegg til foredraget vil sjølvsagt våre venner og faste platesnurrar underhalde med bloddryppande vampyrkøntri og andre vandøde toner. Det heile skjer tysdag 13. november på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Der vil dørene opne klokka 19.00, og festlighetane vil vare til vi går og legg oss. Det koster kroner 50,- å kome inn, og du bør vere av myndig aldar, men puls er ikkje påkrevd. Arnfinn Pettersen si bok vil óg vere til sals for ein særdeles vennleg pris, i lag med ein del andre anbefalte bøker om liknande tema.
Vel møtt!
- Logg inn eller registrer for å skrive kommentarar.
- Kalender
- Vitj Absalong


Å nei! Han derre Arnfinn er
Å nei! Han derre Arnfinn er en snik. Ikke stol på noe av det han sier.
Vi veit
Det heile er sjølvsagt ein utspekulert felle for å fange han og gjere verda tryggere for bleike goterungdom...
... han les ikkje her, sant? ;-)